VELKOMEN TIL GLOPPEN JANITSJAR - skipa 1986, spelt sidan 1892
NYTT OG NYTTIG
PUBLISERT 6. JANUAR
INNKALLING TIL ÅRSMØTE
Det vert årsmøte i Gloppen janitsjar torsdag 9. februar klokka 20.30. Vanlege årsmøtesaker. Saker medlemmar ønsker å legge fram for årsmøtet må vere styret i hende innan måndag 30. januar.
Vanleg øving fram til årsmøtet.
VI HAR ALLTID PLASS TIL EIN MUSIKAR TIL
DU ER VELKOMEN
Vi i Gloppen janitsjar håper nokre av dei mange hundre som fann glede med musikk gjennom korps og skulekorps igjen har lyst å vere med. Du vert godt motteken.
Janitsjaren øver torsdagar i Aulaen på Firda vidaregåande skule frå klokka 19.15 til 22.00.
PUBLISERT OKTOBER 2022
Breim Hornmusikk 75 år
17. mai i år var det 75 år sidan det nystarta Breim Hornmusikk spelte for første gong.
Gloppen janitsjar ønskjer å markere det, og inviterer til jubileumskonsert i Breimshallen søndag 30. oktober klokka 18.00.
Det vert kjent og kjær musikk frå Breim hornmusikk sitt notearkiv, saman med kaffi, kaker og loddsal. Fri inngang.